Kompensasjon ved langvarige straumbrot

Nordvest Nett har generelt sett høg leveringstryggleik. Det er svært sjeldan at kundar vert ramma av langvarige avbrot, men dette kan sjølvsagt skje ved større havari og ekstremvér. Kundar som opplevar sammenhengande straumbrot på meir enn 12 timar har rett på kompensasjon for dette (ifølgje NVE sitt regelverk).
Frå og med 01.januar 2021 skal det gå automatikk i dette, og ein slepp difor gamal praksis med søking av kompensasjon. 

Kompensasjonen vil gjelde per målepunkt, og ikkje per kunde slik som tidlegare.

Som grunnlag for kompensasjon vil lengda på avbrotet vere avgjerande. Avbrotstida vert regna frå det tidspunkt Nordvest Nett får melding, eller burde fått melding om avbrotet. Fleire påfølgande straumbrot reknast som samanhengande dersom ikke normal straumforsyning haldast ved lag i minimum to timar. Kompensasjonsordninga gjeld ikkje for kundar som har avtale om utkoplbart forbruk.

Dei nye satsane for kompensasjonen er fastsatt av NVE og er følgande:

  • Hushaldning får 500 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 40 kroner timen.
  • Fritidsboliger får 125 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 10 kroner per time.

Begrensninger
Det er begrensninger i kor stort kompensasjonsbeløp som kan utbetalast pr år. Samlet årlig utbetaling kan ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for inneværende år. Forventa innbetalt nettleige regnast som forventa årsforbruk i kWh multiplisert med gjeldande sats for energileddet i tillegg til fastleddet.

Kompensasjonsordninga gjeld ikke for:

  • Bedriftskunder.
  • Kunder som sjølv har kobla frå strømmen (eks. tatt hovedsikringa).
  • Kunder som sjølv har påført skade på anlegget som har ført til avbrudd
  • Kunder som hindrar nettselskapet i å rette feil.
  • Kunder som ikkje har AMS-måler eller har AMS-måler uten kommunikasjonsenhet, og heller ikkje har varslet nettselskapet om avbruddet. I slike tilfeller kan ikkje nettselskapet vite at kunden er uten strøm dersom feilen er avgrensa til eit lite område innanfor lågspentnettet.

Reglene om kompensasjon er regulert i Kontrollforskriften kapittel 9A
Du kan også lese mer på nettsiden til Norges vassdrags- og energidirektorat