Flyttemelding

Etter 1. februar 2019 skal du kontakte din straumleverandør om du skal flytte, bestille eller avslutte abonnement. Dette gjeld også om du skal oppdatere kontaktinformasjon.

Har du ikkje kraftleverandør finn du ei oversikt over aktørane på www.strompris.no.

Som nettselskap har vi plikt til å levere straum til våre nettkundar som ikkje har avtale med kraftleverandør. Denne ordninga kallast leveringsplikt. Leveringspliktig straum er dyrt og er meint som ei midlertidig løysing. Ynskjer du meir informasjon og eventuelt bestilling av abonnement med leveringsplikt trykk her.