Tilknytning til nett - større anlegg

Ved utvikling av større industribygg, industriområde, bolig- eller hyttefelt må kunde (utbygger) så tidlig som mulig kontakte Nordvest Nett.

Ved utvikling av større industribygg, industriområder, bolig- eller hyttefelt må kunde (utbygger) så tidlig som mulig gi relevant informasjon til Nordvest Nett.

I forbindelse med planlegginga bør utbygger vere særlig oppmerksam på desse forholda:

  • Ver ute i god tid då bygging av nettinfrastruktur kan involvere mange interessenter som grunneigar, naboar, kommune, Statens Vegvesen, Kystverket og ulike vernehensyn (Statsforvaltar/fylkeskommune). 
  • Ta kontakt på telefon eller på epost for å gi Nordvest Nett god informasjon for effektiv saksbehandling.
  • Utbygger er ansvarleg for å koordinere partane som er involvert. Det kan vere hensiktsmessig å bruke ein profesjonell koordinator (byggherres representant). Nordvest Nett tek ansvar for sitt arbeid og leveransar.

Ved tilknytning av nye eller omlegging av eksisterande anlegg oppgis leveransetider som fortel kundene (utbygger) kor lang tid Nordvest Nett beregna til saksbehandling og utførelse.

Flyt.png

For at Nordvest Nett skal overhalde fristane må utbygger så tidlig som mulig oppgi relevant informasjon. 

Etter at søknaden er sendt skal utbygger motta ei tilbakemelding frå Nordvest Nett. Etter en dialog vil Nordvest Nett sende utbygger eit utkast til "standardavtale for nettilknytning". Avtalen regulerer overordna framdriftsplan, partenes forpliktelser, kostnadar, HMS-forhold og øvrige relevant vilkår. Avtalen skal signerast av begge partar før Nordvest Nett startar sitt utbyggingsprosjekt

Tilknytning av 1 MW eller meir

Ved henvendelse om tilknytning av 1 MW og oppover, mådet avklarast om overliggande nett har nødvendig kapasitet.

Utredning av tiltak for å øke kapasiteten

Om det vurderast at det er for dårlig kapasitet i nettet, og det ikkje foreligg konkrete planar for kva som vil løyse kapasitetsproblemet, må det utredast mulige tiltak. Då kan det vere at kunden må forplikte seg til å betale ein forholdsmessig andel av utredninga. Avhengig av kompleksitet, kan utredninga ta fra nokre veker til månader. Om utredninga berører transmisjonsnettet, må det påregnast ytterligare tid. 

I nokre tilfelle kan tilknytninga vere svært kostbar og lite samfunnsøkonomisk. Dette forekjem for eksempel hvis det er svært langt til forsyningspunktet, eller hvis det allereie er tilknytt mykje der frå før. I slike tilfelle kan Nordvest Nett søke om fritak for tilknytningsplikta.

Reservasjon av nettkapasitet

Byggherre kan reservere kapasitet etter at denne er ferdig avklart/utreda. Frist for å bruke reservert kapasitet er normalt 6 månader, men kan justerast ut frå prosjektets størrelse og kompleksitet. Ved tilknying av produksjon anser vi reservert kapasitet som utnytta ved byggestart. Ved tilknyting av forbruk må eventuell trinnvis utnytting av reservert kapasitet synliggjerast. 

Om reservert kapasitet ikkje blir utnytta innan avtalt frist, fell reservasjonen vekk. Byggherre stiller då bakerst i køa om ny reservasjon som då blir tilgjengelig for andre. Dei som først får avklart sitt tilknytingsforhold, for eksempel gjennom bindande tilknytingsavtale, får først knyte seg til nettet.

Dette treng vi for å ta stilling til tilknytingssaken din

Henvendelsen frå deg startar med at du fyller ut Statnetts søknadsskjema om nettkapasitet, som du finn her. Send skjemaet til post@nvn.no. Nordvest Nett gjer nødvendige avklaringer videre mot regionalnettseigar og Statnett, avhengig av modenheten på prosjektet. Vi treng følgande informasjon om prosjektet ditt.

1. Beskrivelse av selskapet
- Informasjon om selskapet og ei kort beskriving av prosjektet
- Er henvendinga på vegne av selskapet sjølv, eller er selskapet tilretteleggar for andre
- All nødvendig kontaktinformasjon

2. Framdriftsplan
- Når treng dykk svar
- Kva milepælar har dykk
- Status i myndighetsbehandling (f.eks. konsesjonssøknad, regulering av tomt etc.)
- Er alle tillatelser på plass, eventuelt kor langt er prosjektet kommet i prosessen
- Kva andre avklaringer og tillatelser treng dykk før prosjektet kan settast i drift

3. Forventa forbruk-/produksjonsprofil og ønska leveringskvalitet
- Forventast det framtidig øking av effekt. Er økinga trinnvis og kva utløyse trinna
- Kvar ønskast tilknytingspunktet
- Forventa forbruksprofil. Stabilt eller døgn-/sesongvariasjoner
- Særleg behov knytta til leveringskvalitet og forsyningssikkerheit.