For anlegg i bolig, fritidsbolig eller mindre næringsvirksomheit med sikringer opp til 250A skal tilknytning eller endringer skje gjennom elektroentreprenør i meldingssystemet Elwin
Tilknytningsform
Tilknytninger vurderast i kvart enkelt tilfelle ut frå kundens behov og forholda på staden. Nordvest Nett følger RENs standard mtp. stikkledninger. Til kvar eigendom/boligblokk førast det normalt fram éi stikkledning. Til rekkehus førast det fram kabel til skap ved grunnmur med sikringslister som Nordvest Netts stikkledninger. Som standard ved alle nytilknytninger benyttast 3-faset installasjon. Etter avtale med kunden kan 1-fase installasjon benyttast.
Melding om tilknytning av ny installasjon til straumnettet
Det er kunde/utbygger som bestiller utførelsen av den elektriske installasjonen i bygget hos ein elektroinstallatør. Installatøren bør engasjerast tidlig i byggeprosessen. Installatøren sender ei elektronisk "Melding om installasjonsarbeid" til Nordvest Nett med relevante opplysninger om den nye installasjonen. Saman med meldinga må situasjonskart som viser byggets plassering og ønska inntakstpunkt vedleggast. Ein beskrivelse av anlegget og annan relevant informasjon førast på meldinga.
Etter at vi har mottatt meldinga sendast eit informasjons-/tilbudsbrev til kunde/utbygger som må aksepterast.
Effektøkning/overgang til trefase
Allereie etablerte installasjonar som ønsker større effektuttak vurderast etter behov og etter forholda på staden. Det er kunde som bestiller elektroinstallatør på lik linje som ved nytilknytninger og saksgangen er tilnærma den same.
Svar på meldinga
Når installatøren har motteke svar på "Melding om installasjonsarbeid" frå Nordvest Nett, er det klart for å starte arbeidet med den elektriske installasjonen i bygget. I svaret fra Nordvest Nett vil tilknytningspunktet til straumnettet vere angitt, i tillegg til anna relevant informasjon.
Avtalar
Ved tilknytning inngås det avtale med nettselskapet. Avtalane kan du lese her:
For privatkundar benytter Nordvest Nett AS Energi Norges standardavtale for nettleige og vilkår for
tilknytning (leveringskontrakta) utarbeida av Energi Norge og Forbrukerombudet.
For bedriftskundar benytter Nordvest Nett AS Energi Norges anbefalte tilknytningsvilkår og nettleigevilkår for næringskundar utarbeida av Energi Norge.