Plusskunde

Nordvest Nett har tilknytningsplikt for plusskunder på lik linje med ordinære forbrukskunder.

Definisjon

Ein plusskunde produserer straum til eige forbruk, og kan mate overskotskraft (energi du ikkje brukar sjølv) inn på kraftnettet. Innmata effekt kan ikkje på noko tidspunkt overstige 100 kW. Du kan ikkje ha konsesjonspliktig anlegg bak eige utvekslingspunkt eller selje kraft til andre enn kraftleverandøren du har avtale med.

Tekniske tilknytingsvilkår

Du har plikt til å fylle krav til leveringskvalitet i gjeldande regelverk, vi følgjer REN 0340 med vedlegg som standard for tilknytingsvilkår.

Målarutstyr

Du må ha ein målar som kan måle både uttak frå nettet og innmating til nettet. Vanlig AMS-målar dekkjer dette kravet.

Nettleige

Ein plusskunde er både produsent og konsument av energi (prosument). Som konsument betalar du ordinær nettleige. Som produsent får du fritak frå det faste leddet for innmating. Overskotskrafta du matar inn på nettet reduserer tapet i kraftnettet vårt. For det bidraget får du utbetalt eit negativt energiledd. 

Salg av overskotskraft

Krafta du ikkje brukar sjølv (overskotskraft), kan du selje til ein ekstern kraftleverandør. Du vel sjølv kven dette skal vere, men du kan ikkje ha avtale for sal av overskotskraft og kjøp til forbruk med ulike kraftleverandørar.

Du kan finne meir informasjon om Plusskundeordninga hos NVE