Plassering av bygg

Du er sjølv ansvarleg for å plassere alle bygg riktig, enten det er søknadspliktig eller ikkje. Dette gjeld òg tilbygg, terrassar og platting.

Bygg/tilbygg nær våre straumlinjer eller anlegg.
Skal du bygge terrasse, bygge ut, bygge på, sette opp liten garasje, drivhus/veksthus/lysthus, bod, levegg eller lignande i nærheita av ei ledning, en nettstasjon eller anna anlegg fra Nordvest Nett AS, er det krav til avstand mellom bygg/bygningsdeler og nettanlegg. Avstandskravet varierer i for hold til om det er nærheit til kraftlinjer, kablar i bakken eller nettstasjonar. 

Du er sjølv ansvarleg for å plassere alle bygg riktig, enten det er søknadspliktig eller ikkje.

Kontakt Nordvest Nett før du startar opp bygginga (inkludert terrasse, tilbygg, platting etc) dersom det er:

  • innanfor 20m avstand til høgspentlinje
  • innanfor 4m avstand til lågspentlinje
  • innanfor 5m avstand til nettstasjon
  • innanfor 2m avstand til jordkabeltrasé (må alltid påvisast av Nordvest Nett før bygging)

eller

  • dersom du skal utføre tiltak som hever terrengnivået under ei kraftlinje, uavhengig av om det er høgspent eller lågspent

Det kan vere vanskeleg å sjå forskjell på høgspent- og lågspentlinjer. Er du i tvil, kontakt oss for hjelp. 

Minsteavstand til nettanlegg
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har definerte reglar for kva minsteavstandar ein må forhalde seg til for å ivareta sikkerheit til bygninger, offentlege plassar og lignande. Forskriftsreglane er absolutte, det vil seie at ein ikkje kan søke dispensasjon. 

Kostnadar kan belastast huseigar ved brudd på krav
Dersom eit bygg er eller blir oppført for nære våre nettanlegg, kan huseigar verte økonomisk ansvarleg for å rette opp i etterkant. Dette gjeld f.eks. om eit nettanlegg eller ei bygning må flyttast, endrast eller rivast. 

Merk at drivhus og veksthus er å ansjå som driftsbygniger og følger same reklar som "viktige bygninger". Dei same krava gjeld for midlertidige drivhus som frukttunell bygd på reisverk av stålbøyler som dekkast med plasttrekk i vekstsesongen. Uavhengig av plassering av frukttunell må ein vere oppmerksam på den risikoen det er ved etablering, flytting og riving av slike ved nærheit til luftledninger. Det same gjeld for lause plastduker som kan kome i kontakt med luftledninger.