Arbeid (eks. graving, kraning, skogrydding, betongpumpebil mm.) nær linjer eller kablar kan medføre fare for liv, helse, materiale og eiendom. Difor er det viktig at du sjekker forholda først.
Husk:
Det er ein aukande tendens i antall ulukker og konfliktpunkt mellom trasnport- og anleggsredskaper og nettselskapets linjer og kablar. Dette gjeld også i området til Nordvest Nett og kan blant anna skuldast:
Viktige moment for å unngå ulukker:
Husk: Dei flest ulukker skjer fordi ein "berre skulle".
Skadevolders erstatningsplikt
I tillegg til skader på personar og utstyr vil skadevolder kunne bli erstatningspliktig til nettselskapet for reparasjonskostnadar og kostnadar for Ikke Levert Energi (KILE). Skadevolder vil på same måte kunne bli haldt ansvarleg for skade forårsaka av tredjepart dersom anleggsområdet ikkje er tilstrekkelig sikra. Slike erstatningsbeløp kan bli på fleire hundre tusen kroner.
Ved virksomheit der fara er til stades for kontakt eller nærheit må Nordvest Nett kontaktast i god tid før arbeidet startar. Vi vil angi korleis ein forheld seg på staden før arbeidet startar.
Graving
Det er viktig å forsikre seg om at det ikkje ligg kablar skjult i bakken før ein set i gong gravearbeid. Brot på straumkablar kan få store kosekvensar og gjer mange straumlause. Du som skal grave har ansvaret for å sikre kabelpåvising og for merking av påvist kabeltrasé.
Nordvest Nett skal kontaktast i god tid før arbeidet startar for opplysning og evt. påvising av kablar.