Sjølv om Nordvest Nett ikkje driv med kraftsal vil kraftprisane påverke prisane på nettleiga. Dette kjem av at nettleiga skal dekka den delen av energien som går tapt under overføring av straum. 

Energitapet under overføringa er på gjennomsnittleg 6%. På årsbasis utgjer dette 24 millionar kWh for oss. Dette fører då til at når kraftprisane går vesentleg ned, går òg kostnaden vår ned. Dette vil då kome kundane våre til gode. 

Dette med reduserte kraftprisar er samansett, men fulle vassmagasin er den største grunnen til dei låge prisane. Snømagasina var store då snøsmeltinga byrja. Dermed er det god tilgang på kraft, noko som påverkar kraftmarknaden. 

Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat som fastset inntektsrammene for nettselskapa. Då er det opp til oss å prøve å treffe best mogleg med prisane. Når kraftprisasne går ned, blir inntektsramma regulert. Tek vi inn for mykje eit år, må vi redusere tariffane året etter, slik at kundane får tilbake det dei har betalt for mykje. Derfor har vi valt å setja ned prisane. 

tariffar.png


For å sjå alle tariffane kan du trykke på denne sida