Dette skal skje over relativ kort tid og det vil bli stor aktivitet med fleire lag, på fleire plassar samtidig. Grøftene som går i veg vil bli prioritert først.
Arbeidet er allereie starta i Øvre Skorgevik. Der kabelgrøfta går i veg vil det vere redusert framkommelegheit og ein må rekne med noko venting. Der det er mogeleg å nytte alternativ tilkomst ber vi om at det blir nytta. Desto mindre maskinene vert hefta med biltrafikk til raskare blir ein ferdig.
Entreprenøren vil søke å løyse behova for tilkomst til oppsittarane langs vegen, men det må påreknast at ein i periodar må parkere bilen utanfor anleggsområdet. Vestnes kommune ber om at dette kan løysast på mest mogeleg smidig måte.
Arbeidstida er frå 07:00 til kl. 18:00 måndag til fredag.
Dersom det blir behov for å sprenge vil det bli varsla på følgjande måte:
Sirene som går med korte støt i 3 minutt før salva blir avfyrt.
Etter sprenging er det eit langt støyt i sirena. Det betyr at sprenginga er over.
Kontaktar med entreprenør Busengdal AS:
Prosjektleiar: Ole Jacob Overaa, tlf.901 34 654
Anleggsleder: Christoffer Tjugen, tlf. 920 69 850
Anleggsleder: Jonathan Steinsvik, tlf. 458 07 322
Byggherre Nordvest Nett:
Prosjektleiar: Leif Johann Wenaas, tlf. 991 04 385
Delstrekninger Kjelbotn - Furnes
Delstrekning 1 | Delstrekning 2 |
Delstrekning 3 | Delstrekning 4 |
Delstrekning 5 | Delstrekning 6 |
Delstrekning 7 | Delstrekning 8 |
Delstrekning 9 | Delstrekning 10 |