Bilde: (Fra venstre) Vinneren av elsparkesykkel Ragnar Walderhaug Frisvoll saman med Alf Knutsen i Nordvest Nett og Leif Rune Vinje frå Elsikkerhet Møre.
Alf Knutsen er ansvarleg for Det Lokale Eltilsyn (DLE) i Nordvest Nett. Forsyningsområde omfattar Vestnes, Ørskog, Stordal, Skodje, Haram og frå nyttår også Sandøy. DLE si hovudoppgåve er å arbeide for at dei elektriske anlegga i deira nettområde er trygge. Saman med Elsikkerhet Møre vert det gjennomført tilsyn og informasjonsarbeid. Ein viktig del av dette arbeidet er å gjere abonnentane betre i stand til å ivareta sikkerheita i eige anlegg.
Elsikkerhetdagen er eit nytt tiltak, og dei som deltar gjennomfører ein enkel kontroll av sitt anlegg og svarer på spørsmål som vert sendt inn til nettselskapet. For å motivere ekstra til å delta er ein då med i trekninga av ein premie. Ein elsykkel var årets premie.
Sjølv om dette er nytt, har responsen vore veldig bra. 759 husstandar gjennomførte eigenkontroll. Dette nær 7 % av alle abonnentane som vart oppmoda om å delta.
Resultata frå eigenkontroll viser at dette er eit viktig tiltak. Blant anna fann meir enn 10 % at plugg på varmtvasstank eller andre apparat med stort straumforbruk hadde teikn til varmgang. Er det teikn til varmgang er det noko som fort utviklar seg og kan medføre brannfare om det ikkje vert ordna.
Det var også mykje positivt å lese ut frå tall som kom inn, heile 96 % har sjekka røykvarslarane sine og over 92 % reingjer kjøkkenventilatorane sine jamleg. Det ser også ut til at folk med Elbil er flinke til å ikkje lade på vanleg stikkontakt, sjølv om det er 8 % som svarer at dei framleis gjer det. Vi synes dette er ei gledeleg utvikling, og det tydar på at fleire er merksam på at lading på vanleg stikkontakt kan medføre farleg belastning på elanlegg som ikkje er berekna for slik bruk. Både Alf og tilsynsingeniørane i Elsikkerhet Møre er skjønt einig om at dette er eit tiltak som har kome for å bli. Vinnarane meiner at det var nyttig, lærerikt og noko alle bør delta på til neste år.